Emnet gir studentene fordjupande innsikt i ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde. Emnet gir òg studentane djupare innsikt i litteraturvitskapleg metode og i litteraturvitskaplege problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.
Høsten 2021 må du i dette emnet velge mellom to kurs/pensum, enten
"Estetisk teori" (felles kurs for de som velger dette pensumet i ALLV201/ ALLV221/ ALLV250/ ALLV303/ ALLV304).
eller
"Litteraturkritikk: Kvalitet, smak og dømmekraft" (felles undervisning for de som velger dette pensumet i ALLV202/ ALLV250/ ALLV303/ ALLV304).
Kunnskapar
Studenten har
Ferdigheiter:
Studenten kan
Generell kompetanse:
Studenten har
Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.
Det vert gitt undervisning i fleire tema kvart semester, og studentane vel eitt av dei ved undervisningsmelding til ALLV250. Kvart tema har felles undervisning med eitt av emna ALLV201 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne I, ALLV202 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne II, RET206 Litteraturvitskapleg retorikk, eller KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur. Tema og utval vil variere frå semester til semester. Studentar kan ikkje velje same tema på fleire emne i graden.
Studentane skal levere eit utkast på maks 1000 ord midt i semesteret som skal kommenterast av ein til to medstudentar. Det er obligatorisk å kommentere minimum eitt utkast frå ein medstudent. Kommentarane må godkjennast av faglærar.
I tillegg er det obligatorisk å ha ei rettleiing med faglærar. Rettleiing avtalast med faglærar som underviser kurset studenten er undervisningsmeld i.
Eksamen består av to deler som kvar tel 50 % av endeleg karakter:
Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.
Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk.
Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melda instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar blir publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.