Emner: ALLV250 Litteraturvitenskapelig bacheloroppgave - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studentene fordjupande innsikt i ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde. Emnet gir òg studentane djupare innsikt i litteraturvitskapleg metode og i litteraturvitskaplege problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Våren 2021 må du velje mellom to ulike tema for kurs/undervisning i dette emnet:

Tema 1 er «Litterær form og formalisme(r)» ved Gisle Selnes. Kurset/undervisinga har fellesundervisning for dei som veljar dette tema og som avlegg eksamen i ALLV201, ALLV303 og ALLV304.

Tema 2 er «Bjørnson, Ibsen og realismen i Norden» ved Frode Helmich Pedersen. Kurset/undervisinga har fellesundervisning for dei som veljar dette tema og som avlegg eksamen i ALLV202, ALLV303, ALLV304 og NOLI312.

 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

 

Ferdigheiter:

Studenten kan

 

Generell kompetanse:

Studenten har

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilsvarande ALLV111-114.

Studiepoengsreduksjon

Ikkje relevant

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.  

Det vert gitt undervisning i fleire tema kvart semester, og studentane vel eitt av dei ved undervisningsmelding til ALLV250. Kvart tema har felles undervisning med eitt av emna ALLV201 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne I, ALLV202 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne II, RET206 Litteraturvitskapleg retorikk, eller KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur. Tema og utval vil variere frå semester til semester. Studentar kan ikkje velje same tema på fleire emne i graden.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere eit utkast på maks 1000 ord midt i semesteret som skal kommenterast av ein til to medstudentar. Det er obligatorisk å kommentere minimum eitt utkast frå ein medstudent. Kommentarane må godkjennast av faglærar. 

I tillegg er det obligatorisk å ha ei rettleiing med faglærar. Rettleiing avtalast med faglærar som underviser kurset studenten er undervisningsmeld i. 

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler som kvar tel 50 % av endeleg karakter:

 

Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester. 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk.

Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melda instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar blir publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no