Emner: ALLV303 Litteraturvitenskapelig særemne I - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.

 

ALLV303 er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema.

 

Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar.

Våren 2021 må du velje mellom to ulike tema for kurs/undervisning i dette emnet:

Tema 1 er «Litterær form og formalisme(r)» ved Gisle Selnes. Kurset/undervisinga har fellesundervisning for dei som veljar dette tema og som avlegg eksamen i ALLV201, ALLV250 og ALLV304.

Tema 2 er «Bjørnson, Ibsen og realismen i Norden» ved Frode Helmich Pedersen. Kurset/undervisinga har fellesundervisning for dei som veljar dette tema og som avlegg eksamen i ALLV202, ALLV250, ALLV304 og NOLI312.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

- får avansert kunnskap om eit avgrensa felt av litteraturvitskapen, for eksempel ein genre, eit forfattarskap, ei litterær epoke.

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- får oppøving i kritisk og sjølvstendig handsaming av fagets teoriar og metodar.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- får oppøving i å formidla litteraturvitskapleg kunnskap munnleg og skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant

Studiepoengsreduksjon

Ikkje relevant

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på (1) masterprogram i allmenn litteraturvitskap eller (2) masterprogram i nordisk språk og litteratur ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar.

 

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

ALLV303 blir vurdert på basis av ein sju dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord). Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5. Eventuell framside, litteraturliste og vedlegg er ikkje med i ordtellinga.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum i ALLV303 skal bli sett saman av ca åtte verk omkring eit nærare avgrensa og litteraturfagleg relevant emne. Av dei åtte verka skal minst to vere litterære og minst to teoretiske. Tema kan konsentrerast om ein litteraturhistorisk periode, ein litterær tradisjon, ein genre, ein forfattarskap, eit tema, eit motiv eller ei teoretisk problemstilling. Pensum må ikkje liggje for tett opp til det som er tema for masteroppgåva, og skal normalt ikkje omfatte verk eller tekstar som ein har lagt opp ved tidlegare universitetseksamenar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no