Emner: AORG101 Organisasjonsteori - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningssemester

Haust/Vår

 

Mål og innhald

Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar.

 

Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar.

 

Emne for kurset vil mellom andre vere følgjande:

 

Kurset gir ein oversikt over moderne og postmoderne perspektiv på organisasjonar. Cases og dømetilfang blir henta frå ulike samfunnsfelt og arbeidslivsområde. Kurset er organisert ut frå følgjande temainndeling: Del 1: Introduksjon til studiet av organisasjonar, med presentasjon av "klassiske" idear om organisering og ein oversikt over ulike analysemodellar. Del 2: Presentasjon av sentrale organisasjonsteoretiske omgrep og prosessar. Det vert lagt særleg vekt på ulike styrings - og leiingsformer. Del 3: Sentrale problemstillingar og tema i studiet av organisasjonar med vekt på kultur, samfunn og offentleg sektor som kontekst for teori, organisasjonsformer og handling.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

Ferdigheter

Studenten kan

Generell kompetanse

 Studenten kan ..

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG100

 

 

Krav til studierett

Ope emne

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-13 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppeoppgåve 2500 ord (+/-10%). Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

 

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Heimeeksamen og skuleeksamen tel likt, ein samla karakter vil bli gitt på mappa.

 

 

Oppdatering: Vurderingsform endra frå mappevurdering til 1 vekes heimeeksamen våren 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. (Ingen skuleeksamen våren 2021. Heimeeksamen utgjer 100% av karakteren)

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.