Emner: AORG213 Helse- og velferdspolitikk - Makt og innflytelse - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår/irregulær undervisning

Mål og innhald

Helse- og velferdspolitikk omfattar store tenesteområde som sjukehus, den kommunale helse- og omsorgstenesta, kommunale barnevernstenester, rusomsorg og psykisk helsevern og NAV med kommunale sosialtenester og statlege trygde - og arbeidsmarknadstenester. Dette er sentrale offentlege politikkområde kor ein nyttar store ressursar, kor eit vidt spektrum av tenester når innbyggjarar gjennom heile livsløpet og kor store profesjonsgrupper, som ofte er kvinnedominerte, har sitt virke. Politikkområdet er prega av kontinuitet, fellestrekk på tvers av land og samstundes også av omfattande reformer. Helse- og velferdspolitikken står overfor store utfordringar i dei vestlege demokratia, som økonomiske utfordringar, legitimitetsutfordringar og store teknologiske endringar for mange tenester. Dei ulike tenesteområda har forskjellige og skiftande relasjonar mellom offentlege og private aktørar, både kommersielle og ideelle, samt forskjellar og likskapar i historiene sine.

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i nokre sentrale helse- og velferdspolitiske felt, med vekt på politikk, tenester og forholdet mellom stat og kommune. Innbyggjarane, dei folkevalde og forvaltinga si makt og innverknad på utforminga og virket til helse- og velferdspolitiske tenester vil vere gjennomgåande tema. I emnet vil dette vide politikkområdet bli presentert og drøfta med utgangspunkt i aktuelle teoretiske og forskingsmessige bidrag. Emnet skal formidla innsikt i dei ulike tenestene til eit politikkområde og i skiftande arbeidsdeling mellom ulike forvaltingsnivå og styringsformer.

Emnet vil ha ei komparativ og historisk innretning og det vil leggja vekt på ulike teoretiske tilnærmingar og bidrag, som teori om demokrati og deltaking, byråkrati, reformer, profesjonar og skjønnsutøving, ekspertise og den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Ved sida av dei teoretiske tilnærmingane blir det også lagt vekt på å visa kva for metodar og forskingsopplegg ein kan bruka for å studera helse- og velferdspolitikk empirisk. I kurset vil det bli brukt døme frå forsking ved instituttet som utgangspunkt for tematisering av forskingsopplegg og metodar.

Kurset er sett saman av forelesingar (8) og seminar (2). Forelesingane vil gi ein kombinasjon av oversikt over store teneste- og politikkområde og meir inngående konsentrasjon om enkeltområde.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG109/AORG107

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar (8 forelesingar og 2 seminar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Arbeidskravet er gyldig inneverande og påfølgjande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 3 dagar, 3000 ord (+/- 10 %)

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.