Emner: AORG214 Kunnskapens institusjoner, ekspertise og politikk - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår/irregulær undervisning

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje innsikt i dei mest sentrale teoriane om relasjonar mellom kunnskapen sine institusjonar, ekspertise og politikk. Emnet skal gje innsikt i ulike forskingstradisjonar og tilnærmingar i studiet av kunnskapsproduserande institusjonar, ekspertise/kunnskapsgrupper og profesjonar, og korleis dei er blitt forma og omforma gjennom politiske prosessar.

Emnet fokuserer på relasjonar mellom kunnskapen sine institusjonar, ekspertise og politikk, på kunnskapen si strategiske rolle i utforminga av politikk, og på politikken si rolle i utforminga av kunnskapen sine institusjonar.

Eit sentralt tema er forholdet mellom ekspertstyre og politisk struktur, mellom politisering på den eine sida og byråkratisering, profesjonalisering og utvikling av ekspertkunnskap på den andre sida. Eit anna er knytt til utviklinga av kunnskapsinstitusjonar av ulike slag, frå barnehagen og grunnopplæringa til høgare utdanning. Over tid er det blitt konstruert samanhengande utdanningssystem, der kvar av desse institusjonane og relasjonane mellom dei er blitt gjort til gjenstand for politisk styring gjennom eigne administrasjonsordningar og reguleringar. Demokratisering har skapt føresetnadar for massifisering og universalisering av desse institusjonane. Samstundes har dei også blitt til gjenstand for nye målsettingar knytt til den nye kunnskapsøkonomien.

Det tredje temaet fokuserer på separasjonen mellom kunnskapsproduksjon og utdanning, og utviklinga av eit eige forskingssystem. Den nye kunnskapsøkonomien har her lagt grunnlaget for krav om at all forsking skal organiserast inn i ein brukskontekst og for utviklinga av nye organisasjonsformer som er tilpassa slike føremål, frå evidensbaserte einingar til senter for framifrå forsking og innovasjon. Ein kan også identifisere aukande politisering av kunnskapen gjennom utvikling av tenketanker med klare politiske bodskap der agendasetting og politisk bruk av kunnskap står i sentrum.

Emnet er retta mot analysar av kunnskapsutvikling, politisering og organisering, og samband mellom slike prosessar. Sentralt står ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar som tar opp forholdet mellom politisering på den eine sida og de-politisering i form av profesjonalisering, korporativisering og ekspertstyre på den andre sida. Empirisk vil emnet fokusere på kunnskapspolitikk og utdanning/forskingssektoren, men også på relasjonar til andre samfunnsfelt eller sektorar. Litteraturen vil vere både historisk og komparativt innretta, og omfattar samanlikningar over tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten kan

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG109/AORG107

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar (8 forelesingar og 2 seminar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Arbeidskravet er gyldig inneverande og påfølgjande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 3 dagar, 3000 ord (+/- 10 %)

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.