Emner: AORG321A Kvantitativ metode - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å setje studentane grundig inn i nokre av dei nyare og viktigaste kvantitative metodane innanfor statsvitskap/offentleg administrasjon. Kurset skal setje studentane i stand til å gjennomføre eigne empiriske undersøkingar og å ta sjølvstendige og godt motiverte metodeval når dei tek fatt på masteroppgåva. I tillegg skal kurset gi studentane høve til å tolke og drøfte kritisk andre empiriske forskingsbidrag som dei møter i samband med til dømes utarbeiding av litteraturstudiar. I kurset vil det bli undervist i ulike metodar som vil være nyttige i studiet av organisasjonar og offentlig forvaltning, mellom anna eksperimentelle metodar, og ulike formar for statistisk analyse, som lineær regresjon, logistisk regresjon og fleirnåvåanalyse. I tillegg vil studentane få ei innføring i kvantitativ tekstanalyse og nettverksanalyse. Kurset vil bli basert på statistikkpakka Stata. Endeleg er det eit mål å vise studentane korleis metodologiske val heng saman med ulike vitskapsteoretiske tradisjonar.

Kurset har følgjande komponentar:

  1. Vitskapsteori og grunnleggjande omgrepsanalyse
  2. Eksperimentell metode
  3. Ordinær lineær regresjon
  4. Logistisk regresjon
  5. Slutningsstatistikk og signifikanstesting
  6. Kvantitativ tekstanalyse
  7. Nettverksanalyse

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Ferdigheter

Generell kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107 / AORG109, AORG209 / AORG210

Studiepoengsreduksjon

Fullstendig overlap og total poengreduksjon med AORG321B, AORG319 og AORG321.

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

8-9 forelesningar. I tillegg 1-2 seminar der studentane er pliktige til minst ein gong å presentere utkast og kommentere andre studentar sine framlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av kortare essay (1200 ord om ein skriv åleine og 1800 ord om ein skriv i par) om eit pensumrelatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.

Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

Fem timers skoleeksamen.

Oppdatering: Vurderingsform er endra frå 5 timar skuleeksamen til 10 timars heimeeksamen hausten 2020 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgande semester.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf 55 58 21 54