Emner: ARK110 Menneske, utvikling og samfunn: fra de første menneskene til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr. - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Norsk/ engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.

Læringsmål
Emnet tek sikte på å gje:
1) Ei allmenn innføring i jeger- og sankarsamfunn i tid og rom
2) Innsikt i metodar som kan kasta lys over problem med datering og fortolking av dei tidlegaste samfunna av denne typen.
3) Ei allmenn innføring i utviklinga av jordbruk og jordbruksøkonomi
4) Ei innføring i tidleg metallbruk, i utvikling av hierarkiske samfunn og urbanisering, og i materielle uttrykk som kan knytast til ideologien i slike samfunn.
5) Ei oversikt over den samfunnsmessige utviklinga fram til slutten av bronsealderen.

Fagleg innhald
Emnet handlar om dei tidlegaste menneska si biologiske og kulturelle utvikling under den eldste steinalderen frå omtrent 3 millionar år sidan fram til det moderne mennesket. Her blir den globale spreiinga av jegerar-sankarar frå Afrika til Europa, Asia, Australia og Amerika følgd. Vidare fokuserer emnet på seinpaleolittikum og mesolittikum i Europa og Norden med spesiell vekt på koloniseringa av Norden. Også seinare tider sine jegerar-sankarar og deira samhandling med tidlege jordbrukssamfunn blir tatt opp. Sosiale og kulturelle sider av desse tidlege samfunna vert vektlagt, som teknologi og økonomisk organisering.

Emnet tar vidare opp framveksten av jordbruk i Midtausten, med utbreiing og transformasjonar i Middelhavsområdet via Søraust-Europa til Norden. Spreiinga vidare til Nildalen og Nord-Afrika, respektive det indiske subkontinent blir òg fokusert på. Dei ulike typane av jordbruksøkonomi og den sosiale og kulturelle organisasjonen til dei første jordbrukarane blir beskrive og diskutert.

Vidare belyser emnet utviklinga av hierarkiske samfunn, frå tidlege urbane samfunn, bystatar og imperia i Midtausten og Middelhavsområdet til framveksten av komplekse hierarkiske samfunn i Sentral- og Nord-Europa under sein steinalder og bronsealder. Framveksten av pastoralisme og innflytelsen på seinare neolittiske kulturar i Sentral- og Nord-Europa blir òg tatt opp.

Eit viktig aspekt er framveksten av meir spesialiserte økonomiar, der metall og koppar blir tatt i bruk. Utviklinga av langvegs kontaktar og utveksling av ulike ressursar blir følgd fram til og med dei omfattande utbyttesnettverka under bronsealder.

Måten ideologiar blir uttrykte på blir vektlagd; frå dei tidlegaste indikasjonar på symbolsk åtferd til komplekse symbolske uttrykk i bergkunst og materiell kultur under tida etter den seinaste istid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten:


Ferdigheiter
Studenten:

 

Generell kompetanse
Studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt fagleg overlapp med ARK101 og ARK102.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar om lag 15-20 forelesingar. Dersom ressursane tillét det, vert det organisert kollokviegrupper og ekskursjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Materialkurs knytt til emnet har obligatorisk frammøte, og deltaking er ein føresetnad for å kunne ta eksamen i emnet.

Det er òg eit obligatorisk arbeidskrav å levere inn ei øvingsoppgåve på 1500 ord. Det vert eit obligatorisk seminar, der studenten skal presentere si eiga oppgåve og kommentere andre sine oppgåver. Presentering og kommentering er obligatorisk.

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter

det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Ordinært krav om 80 % oppmøte går ut våren 2021 for å hindre spreiing av kornavirus. Materialkurs knytt til emnet har fortsatt obligatorisk frammøte, og deltaking er ein føresetnad for å kunne ta eksamen i emnet. Våren 2021 vil materialkursa bli organisert etter gjeldande smittevernkrav. Studentar med fråver knytt til Korona vil få eit alternativt opplegg. Obligatorisk aktivitet er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen med eit omfang på 3500 ord. Heimeeksamen skal leverast inn elektronisk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 2500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.

Programansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.

Administrativt ansvarleg

AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no