Emnet tek sikte på å øve studentane med å arbeida med arkeologiske problemstillingar med integrert bruk av teori og metode.
Sjå temaomtale her:
https://www.uib.no/fag/arkeologi/118124/temaomtale-ark250
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap Kjennskap til og innsikt i eit avgrensa emne innan arkeologifaget, og røynsle med å arbeide sjølvstendig ut frå arkeologiske problemstillingar.
Ferdigheiter Røynsle i å arbeide sjølvstendig med arkeologiske problemstillingar: formulere problem, avgrense stoff, finne fram relevant litteratur og diskutere og vurdere litteratur i høve til oppsette problemstillingar og relevante metodiske og teoretiske perspektiv.
Generell kompetanse Røynsle med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar.
Studentane skal skriva ei semesteroppgåve på om lag 6000 ord, med individuell rettleiing. Tema for oppgåva blir valt av studenten i samråd med rettleiar, og kan vere ei studie av ein periode og/eller eit område. Tema kan også gå på tvers av periodar eller område.
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.