Emner: ARK250 Bacheloroppgave i arkeologi - Vår 2021
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå.
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk.
Undervisningssemester
Haust / vår.
Undervisningsstad
Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å øve studentane med å arbeida med arkeologiske problemstillingar med integrert bruk av teori og metode.
Sjå temaomtale her:
https://www.uib.no/fag/arkeologi/118124/temaomtale-ark250
Læringsutbyte
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Kjennskap til og innsikt i eit avgrensa emne innan arkeologifaget, og røynsle med å arbeide sjølvstendig ut frå arkeologiske problemstillingar.
Ferdigheiter
Røynsle i å arbeide sjølvstendig med arkeologiske problemstillingar: formulere problem, avgrense stoff, finne fram relevant litteratur og diskutere og vurdere litteratur i høve til oppsette problemstillingar og relevante metodiske og teoretiske perspektiv.
Generell kompetanse
Røynsle med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar.
Krav til forkunnskapar
Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av skrivekurs og rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på skrivekurs og rettleiing er obligatorisk.
Vurderingsformer
Studentane skal skriva ei semesteroppgåve på om lag 15 sider, 6000 ord, med individuell rettleiing. Tema for oppgåva blir valt av studenten i samråd med rettleiar, og kan vere ein studie av ein periode eller eit område, eventuelt begge delar. Tema kan også gå på tvers av periodar eller område. Eksamen består av vurdering av den skriftlege oppgåva.
Obligatoriske aktivitetar må vere gjennomførde for å gå opp til eksamen. Det vert avvikla eksamen kvart semester.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteratur er i hovudsak sjølvvalt, men i tråd med rettleiar. Denne litteraturen er grunnlaget for skriving av bacheloroppgåva og bør vere satt saman av om lag 1500 sider. Dette skal reflekterast i litteraturlista til oppgåva.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no