Haust / vår Undervisninga vert avslutta med obligatorisk presentasjon av prosjektskildringa ved semesterslutt. Endeleg innlevering av prosjektskildring (vurdering) skjer i det påfølgjande semesteret.
Levering av prosjektskildringa har frist 15. februar for vårsemesteret og 15.september for haustsemesteret.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har kunnskapar om sjangeren prosjektskildring og er førebudd til å arbeide med masteroppgåva.
Ferdigheiter
Studenten kan avgrense eit forskingsprosjekt og gjere bruk av individuell rettleiing.
Generell kompetanse
Studenten kan formulere ein plan for eit arkeologisk forskingsprosjekt.