Emner: ARK350 Arkeologi mastergradsoppgave - Vår 2021




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Både haust og vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium. Studiet skal utvikle analytisk evne som fremjar ei kritisk haldning til vitskaplege framstillingar og andre forskingsbidrag. Gjennom skriving av masteroppgåva skal studenten finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og praktisk meistring av metodar, teori og empiri. Masteroppgåva kan vere basert på analyse av arkeologiske data, men kan også ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, der tema innan forvalting og formidling kan vere aktuelle. Ved vurdering av oppgåva blir det lagt vekt på logisk oppbygging, analytisk presisjon, prøving av påstandar og handverksmessig kvalitet.

Læringsutbyte

Kunnskap

Ved fullført masteroppgåve har studenten avansert kunnskap innanfor fagfeltet og spesialisert innsikt i et avgrensa område. I tillegg til ein brei empirisk kunnskapsbase, har studenten innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar, samt ei god forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy.

 

Ferdigheiter

Studenten er kompetent til å utøve forskingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Ved fullført emne kan studenten analysere eit avgrensa arkeologisk tema og handtere arkeologiske kjelder og litteratur, ta i bruk arkeologiske metodar og drøfte dei i lys av relevante teoriar. Studenten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.

 

Generell kompetanse

Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten vist sin kompetanse til å utøve arkeologisk forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggjande normer som akademisk disiplin. Studenten er kvalifisert til å analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglige resonnement. Studenten kan problematisere og reflektere omkring omgrep, kunnskap, teori og metode. Studenten har òg kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Fullført kursdel på masterprogrammet i arkeologi.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i arkeologi.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp som masterstudentar i arkeologi. Emnet er obligatorisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Alle masterstudentar har krav på individuell rettleiing i arbeidet med masteroppgåva, men ikkje utover den tida som er fastsett i rettleiingsavtalen. Det vert inngått ei rettleiingsavtale i første semester av masterstudiet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal ta imot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikte skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator. Det er obligatorisk å levere inn eit utkast til oppgåva ca. tre veker før innleveringsfrist og få rettleiing på utkastet. Det er også obligatorisk å delta på masterseminar, med 70 % oppmøte over to semester.

Vurderingsformer

Masteroppgåva med justerande munnleg eksamen.

Masteroppgåva skal vere på mellom 20 000 og 30 000 ord (linjeavstand 1 1/2, skrifttype 12 i Times New Roman) tabellar inkludert. Figurar og litteraturliste kjem i tillegg. Vedlegg er tillete etter godkjenning frå rettleiar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturliste til masteroppgåve må godkjennast av rettleiar.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for masterprogrammet i arkeologi

Emneansvarleg

Programstyret for masterprogrammet i arkeologi

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no