Emner: BIO103 Cellebiologi og genetikk - Høst 2021
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i https://www.uib.no/matnat/53575/undervisningsopptaket-ved-mn-fakultetetundervisningsopptaket.
Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.
Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning. Dersom du ikkje kan møte på første førelesning må du ta kontakt med studieseksjonen: studie@bio.uib.no
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerar, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserar. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førte vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overført frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.
I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og sikkerheit på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten:- Forstå den kjemiske basisen for liv, kjenne struktur og funksjon til dei viktigaste molekylære byggesteinane og vere fortroleg med korleis, når og kor biomolekyl påvirker kvarandre
- forstå organiseringa av prokaryote og eukaryote celler, og den rolla ulike sub-cellulære organellar spelar i biologiske prosessar
- demonstrere kunnskap om metabolisme, energiomsetning, fotosyntese, katabolisme, biosyntese og korleis desse prosessane er organisert med omsyn til cellulære strukturar
- demonstrere kunnskap om det mekanistiske grunnlaget for cellekommunikasjon
- demonstrere kunnskap om mitosen og grunnleggande forståing for korleis celler går gjennom cellesyklus og deler seg.
- kunne forklare både ukjønna og kjønna livssyklus, inkludert meiosen
- kunne forklare Mendels lovar og ideen om genar og genetisk arv
- forstå det kromosomale og molekylære grunnlaget for genetisk arv, og kunne forklare korleis informasjon vert overført frå genar til RNA og vidare til protein, og korleis uttrykk av genar vert regulert
- ha kunnskap om ekstrakromosomale genetiske element (virus, plasmider) og korleis dei formeirar seg og vert overførte frå celle til celle
- ha kunnskap om bioteknologisk bruk av genetikk og etiske spørsmål knytta til det
- forstå korleis genetikk og differensiering av celler utvikler ein organisme
- forstå korleis genom evolverer
- forstå grunnlaget for eksperimentelle forsøk, ha ferdigheiter i praktisk laboratoriearbeid og kunnskap om sikkerheit på laboratoriet.
- kunne analysere og tolke eksperimentelle data
- kunne gi klar og konsis vitskapeleg presentasjon til ei fagkyndig forsamling
- ha kjennskap til samarbeidsprosesser og anvende denne i læringsfremmende samarbeid i studentgrupper
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kjemi (KJEM110), Organisk kjemi (KJEM130), BIO100, BIO101, BIO102
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing, kollokvie og laboratoriearbeid
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Første og siste førelesning er obligatorisk.
Deltaking på laboratoriekurs, kollokvier og godkjent labjournal. Labjournalen teller 30% av totalkarakteren.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i 6 semester, inkludert inneverande.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg digital eksamen
Labjournal teller 30% av totalkarakter.
Hausten 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
- Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen tillatne hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no