Kunnskapar:
Kandidaten kan gjere greie for historiefagets samfunnsmessige funksjon og danningspotensial, og drøfte relevante problemstillingar dette reiser når det gjeld historieundervisningas innhald og målsettingar. Kandidaten kjenner dessutan til læreplanen i faget, ulike vurderingsformer i historie, og ulike metodar for å anvende digitale verktøy i historieundervisninga.
Ferdigheiter:
Kandidaten kan drøfte relevante problemstillingar knytt til historieundervisningas samfunnsmessige funksjon og danningspotensial, og bruke dette i planlegging av eiga undervisning. Kandidaten kan også bruke ulike vurderingsformer, samt ulike metodar for bruk av digitale verktøy i historieundervisninga.
Generell kompetanse:
Kandidaten kan konkretisere målsetjingane for historieundervisninga i vidaregåande skule på en sjølvstendig og fagleg kvalifisert måte, og har innsikt i historieundervisningas funksjon i ein brei samfunnsmessig og historiekulturell kontekst.
Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Studenten vel vurderingsform (eksamensform) når han/ho opprettar vurderingsmelding på studentweb.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.