Emner: DIDANOR2 Nordisk fagdidaktikk for PPU 2 - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt. 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal utdjupe kunnskapen i nordisk fagdidaktikk for studentar som har norsk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:

1. Norskfagleg danning og kunnskapssyn

2. Lesing og litteraturdidaktikk 

3. Tekstkompetanse og tekstvurdering

4. Språklæring og språkopplæring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

* har inngåande norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på ungdomstrinnet

* har inngåande kunnskap om norskfagleg læring og danning

* har brei innsikt i leseprosessar og om korleis elevar kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst

* har kunnskap om tilrettelegging for norskfagleg læring for elevar med ulike læreføresetnader

* har nyansert kunnskap om norskfaget si rolle i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn

 

Ferdigheiter

Studenten:

* kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskfagleg undervisning

* kan leggje til rette for varierte norskfaglege læringsprosessar og skape eit motiverande og inkluderande læringsmiljø

* kan fremje lesekompetanse gjennom reflektert bruk av ulike litterære tekstar og tekstmodalitetar

* kan gi rettleiing og vurdering på bakgrunn av elevtekstar

 

Generell kompetanse

Studenten:

* kan formidle norskdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå

* kan reflektere kritisk over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål

* kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse og skulen som kollegium og organisasjon

Krav til forkunnskapar

DIDANOR1

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og dugleikar i både nynorsk og bokmål. 

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet. 

Emnet skal vere kopla til praksis i norskfaget i skulen.

Studentane vil bli aktiverte på ulike måtar. Det er generelt forventa at studentane er til stades på det meste av undervisninga og arbeider aktivt med lærestoffet. Organiseringa av undervisninga har det som utgangspunkt.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der det er aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDANOR2 må studenten anten

a) ha fått obligatorisk rettleiing dersom ein vel prosjektoppgåve,

eller

b) levert mappeoppgåve dersom ein vel munnleg eksamen (jf. nedanfor).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Vurderingsforma kan anten vere a) ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller b) ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ein vel vurderingsform ved oppmelding. 

Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåva) skal ha eit omfang på om lag 20 000 teikn (medrekna mellomrom, men ikkje medrekna vedlegg og referanseliste). 

Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen sin inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 500 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval tekstar sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Fagmiljøet i nordisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

laerer@uib.no