Emner: DIDASAK2 Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

7,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

-

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Fagdidaktikken handlar om kva eit skulefag er, har vore og kan vere og korleis læraren kan presentere og planleggje faget slik at elever med ulike føresetnader og behov kan tileigne seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei ramane som skulen er underlagt. Dette føreset at læraren har solide kunnskapar og dugleikar innanfor det fagdidaktiske feltet.

Samfunnskunnskapsdidaktikk hentar sine perspektiv dels frå dei samfunnsvitskaplege faga, dels frå pedagogikk og dels frå det tankegodset som læreplanane er tufta på. Det handlar om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunne fungere i samfunnslivet, men også om kunnskapar og dugleikar som legg grunnlaget for vidare studiar.

Undervisninga i DIDASAK2 skal bidra til å vidareutvikle studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål. 

Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar sine kunnskapar om og i fag, samt lærer å planleggje, gjennomføre og vurdere kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten har inngående kunnskapar om

Ferdigheiter

Studenten kan:

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 (DIDASAK2) byggjer samfunnskunnskapsdidaktikk 1 (DIDASAK1) og greidd praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Arbeids- og undervisningsformer

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte periodar før og etter praksis. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på 80% av undervisninga.

Vurderingsformer

4-timers skoleeksamen

Oppdatering: Grunna koronavirus situasjonen er eksamen våren 2021 endra frå 4 timar skuleeksamen til 8 timars heimeeksamenn

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering. 

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 375 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no