Emner: ECON130 Makroøkonomi - Høst 2021




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målsetjinga med kurset er å gi studentane ei innføring i makroøkonomiskeomgrep og samanhengar.

 

Kurset tar til med ei innføring i makroøkonomiske omgrep som nasjonalprodukt, privat og offentleg konsum, sparing, investering, eksport og import. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse storleikane kan målast, bestemmast og står i høve til kvarandre. Vidare vil ein gå igjennom teorien for korleis sentrale målstorleikar, t.d. arbeidsløyse, inflasjon og rentenivå, kan påverkast ved hjelp av offentleg finans- og pengepolitikk.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

Ferdigheiter

Kandidaten...

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON140 / MAT101.

Kan lesast parallelt med ECON140.

 

Studiepoengsreduksjon

4 studiepoeng med ITØK102

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar. Seminarundervisning.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

 

Oppdatert: Grunna koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til seminara for profesjonsstudentar ikkje være obligatorisk vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen

 

Oppdatert: Vurderingsform endra frå skuleeksamen til heimeeksamen (4 timar) våren 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no