Vår, elektiv periode er i januar.
Emnet har som mål å gje studenten ei grunnleggjande og praktisk retta innsikt i kva ein meiner med sikkerheit for pasientar, korleis uønska hendingar oppstår, og korleis ein kan skape sikkerheit ved hjelp av ulike arbeidsmetodar og betre kommunikasjon.
Studentane skal også få innføring i korleis uønska hendingar skal handterast ifølgje lov og forskrift. Vidare skal ein syne korleis slike hendingar påverkar pasient, pårørande og involverte kollegaer og fagmiljø.
Simuleringstrening har blitt ein vanleg måte å øve på vanskelege situasjonar, og studentane skal få ei omfattande innføring i kva simulering og teamtrening er, og korleis ein bør drive slik øving. To dagar av kurset vil være fasilitatoropplæring slik Stiftelsen BEST: Bedre & systematisk teamtrening driv ved norske sjukehus. Målet er å få til tverrfaglege øvingar i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og BAMS.
Studentane skal også få kjennskap om dei mange ressursar som fins på internett når det gjeld pasientsikkerheit og simulering.
Emnet Pasientsikkerheit og simulering i praksis skal formidle forståing for korleis ulike faktorar spelar saman, og enten fører til uønska hendingar eller ikkje. Gjennom presentasjon av ulike teoretiske modellar, pasienthistorier og rapportar, vil ein i diskusjon få ei djupare forståing for omgrepa sikkerheit og tryggleik, og korleis simulering kan være eit godt og nyttig verkemiddel.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
Ferdigheiter
Studenten:
Generell kompetanse
Studenten:
Førelesningar, video, gruppearbeid, rollespel og diskusjonar, praktiske øvingar og presentasjonar av oppgåver og tema innan pasientsikkerheit.
Vi vil invitere pasientar/pårørande, og representantar frå tilsynsmyndigheit og Statens havarikommisjon.
Kvar student vil planleggje og væra fasilitator for to teamøvingar, og i tillegg førebu og presentera eit tema for dei andre studentane.
I den grad det er mogeleg vil ein freiste få med andre helsefaglege studentar når ein skal drive simuleringsøvingar.
Tal på deltakarar (studnetar):
Min: 12
Maks: 24
elektiv@med.uib.no
Tlf: 55 58 64 00