Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om engelsk språkstruktur og om sentrale omgrep innan syntaks og morfologi
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskapane til å analysere språkleg materiale
- meistrar eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat
Generell kompetanse
Studenten
- har nok kompetanse til å kunne vidareutvikle sine kunnskapar t.d. gjennom vidare studium av engelsk lingvistikk på 200-nivå
- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Undervisninga føreset kunnskapar tilsvarande EXFAC00SK Språkkunnskap og ENG100. Ein vil sterkt rå til at studentane har teke desse emna før dei byrjar på engelskstudiet.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Forelesing og grupper: opp til 36 timer.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fire timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no