Emner: ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

 Engelsk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG221 (skoleeksamen) eller ENG261 (semesteroppgåve).

Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Kurset kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga eller konsentrere seg om ein periode. Dessuten kan kurset omfatte språkeksterne såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.

 

ENG221 er eit valfritt emne i spesialiseringa i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG221

- ENG263 (semesteroppgåve i moderne lingvistikk) og

- eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten:

- har utvida kunnskap om engelsk språk i eit historisk perspektiv

- har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt

 

Ferdigheiter

Studenten

- kan greie ut om og analysere engelsk språk i lys av historisk utvikling

 

Generell kompetanse

Studenten

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

 

 

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118 og ENG109/ENG119. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118, ENG109/119, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118 og ENG109/ENG119 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ENG221 redusert 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG201, ENG211 og ENG251. Ein kan ikkje få uttelling for både ENG221 og ENG261.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske krav, men det blir gitt ei skriftleg oppgåve og ein vil rå til at studentane gjer oppgåva. 

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fire timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no