I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG224 (skoleeksamen) eller ENG264 (semesteroppgåve).
Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.
Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur. Arbeidet med semesteroppgåva skal øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane gode i skriftleg og munnleg engelsk.
Studentar med spesialisering i litteratur tek i tillegg til ENG264
- ENG222 (Engelskspråkleg litteratur og kultur) og
- eit av lingvistikkemna ENG221 eller ENG223.
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på
- har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt
Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å reflektere kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser
Generell kompetanse
Studenten
- kan uttrykkje seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkkunnskap. Dessutan bør dei ha fullført ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118, ENG109/119, ENG122, ENG125 eller
tilsvarande.
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Studentane skal levere eit utkast på semesteroppgåva på minimum 500 ord. Det blir gjeve rettleiing (individuelt og/eller i gruppe). Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Det er obligatorisk og få rettleiing to gonger. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4500 ord (±10%), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit gitt tema som studentane vel i samråd med faglærar. Tema for oppgåvene blir gitt ved oppstart av undervisningssemesteret. Ved eksamen i påfølgande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.
I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i den rettleidde semesteroppgåva. Oppgåva må vere godkjent før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter. Munnleg eksamen kan bli digital.
Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel semesteroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.
Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.
Pensumet kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.
Litteraturlista vil vere klar innan 1.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no