Språk og kommunikasjon er ein del av Examen Facultatum som skal gje studentane eit godt teoretisk og praktisk grunnlag for studium innanfor språkrelaterte fag.
Språk er kanskje det viktigaste kjenneteiknet som skil mennesket frå andre levande vesen. Språket er heilt sentralt i menneskeleg tenking og samhandling, og kunnskapar om språk er essensielle for at vi skal forstå oss sjølve. Særleg viktig er det å ha slike innsikter når ein skal studere språk og andre fag som handlar om mennesket.
Emnet Språk og kommunikasjon formidlar grunnleggjande kunnskap om kva språk er, og om korleis språk er bygde opp. Korleis lagar vi språklydar? Korleis bruker vi lydane i ulike språk? Korleis byggjer vi opp komplekse ord og setningar slik at vi kan formidle tyding ved hjelp av språket? Og kva er tyding? Slike spørsmål er det dei språkvitskaplege fagområda fonetikk, fonologi, morfologi, syntaks og semantikk handlar om. Emnet gjev ei innføring i desse disiplinane og praktiske øvingar i å bruke omgrep frå dei, som til dømes å bruke lydskrift og å analysere setningar.
Undervisninga har form av førelesningar og seminar.
Deltaking på seminar er frivillig, men føreset påmelding og opptak.
Eksamenen har form av ei avsluttande skriftleg prøve på fire timar.
For å få gå opp til eksamen må studentane ha levert tre obligatoriske øvingsoppgåver; jf. ovanfor. Eksamensoppgåva er samansett av fleire deloppgåver som saman trekkjer inn store deler av pensumet. Det vert gjeve teoretiske spørsmål og praktiske prøver, inkl. syntaktisk analyse og fonetisk transkripsjon. Det vert arrangert eksamen kvart semester.