Emner: FARM205 Samfunnsfarmasi II og veiledet praksis - Vår 2021




Studiepoeng

32.0

Studiepoeng, omfang

Teoretisk undervising, 2 stp: haust, 7. semester

 

Praksis i apotek, 30 stp: vår, 8. semester

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Teoretisk undervising, 2 stp: haust, 7. semester

Praksis i apotek, 30 stp: vår, 8. semester

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Diverse apotek i Norge

Mål og innhald

Emnet byggjer på FARM103 Samfunnsfarmasi I, og utdjupar tema frå dette i tillegg til å ta inn nye.

Studentane skal få innsikt i farmasøytar si oppgåve med å identifisere, systematisere og løyse legemiddelrelaterte problem for den enkelte pasient. Gjennom å arbeide på ein farmasøytisk arbeidsplass, og ved å ha kontakt med legemiddelbrukarar og helsepersonell, skal studentane få praktisere fagleg vit og erverve seg kunnskap og ferdigheiter som berre kan lærast frå praksis.

Den teoretiske delen i haustsemesteret er dels ei utdjuping av tidlegare introduserte tema, dels nye tema som informasjonsvurdering og -omforming, formidling og leiing. Kurset består av førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Det er komprimert og stiller store krav til aktiv deltaking frå studentane. Undervisinga skal førebu studentane på praksis og gje nyttige verktøy for å kunne medverke til trygg legemiddelbruk både i og utanfor institusjonar.

Rettleia praksis på apotek (6 månader) er eit EU-krav for alle som vil verte farmasøytar. Her skal studentane praktisere innanfor trygge rammer, tileigne seg kunnskap og erfaring frå møtet med kundar, pasientar og anna helsepersonell, tolke og praktisere lover og regelverk, utøve farmasøytisk og etisk skjønn og trene på å nytte alt dei har lært.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført dette emnet kan studentane:

Kunnskapar:

 

Ferdigheiter

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Emnet FARM103 (Samfunnsfarmasi I) må vere bestått for å ta del i den teoretiske undervisinga i FARM205 Samfunnsfarmasi II. Godkjent deltaking på Samfunnsfarmasi II er ein føresetnad for å få gå ut i praksis. Alle emne på 1. - 6. semester i farmasistudiet må også vere bestått før tildeling av praksisapotek, som skjer i september/oktober på 7. semester.

 

 

 

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, rollespill, gruppearbeid, munnleg presentasjon, apotekpraksis, skriftlege innleveringar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på den teoretiske undervisinga og obligatorisk

Innlevering av oppgåver i tilknyting til undervisinga (gyldig 4 semester).

Rettleia praksis i apotek med innlevering av oppgåver er obligatorisk (gyldig 4 semester). Det er krav om minimum 20 veker godkjent praksis.

Både undervisinga i Samfunnsfarmasi II og rettleia praksis må vere godkjent for å få gå opp til avsluttande eksamen i emnet.

Dersom studenten sitt praksisopphald vert vurdert til ikkje bestått, må praksisopphaldet gjerast på nytt. Ein student kan ikkje tildeles praksis meir enn togonger.

Vurderingsformer

OSKE-eksamen.

Studentene blir filmet på de praktiske stasjonene under OSKE-eksamen.

Filmene brukes kun, hvis nødvendig, ved sensur. Filmene slettes etter frist for klage på sensur.

 

Grunnet utbruddet av COVID-19 (koronavirus) vil eksamen for vårsemesteret 2021 bli arrangert som muntlig eksamen via zoom, med hjemmel i studietilsynsforskriften § 2-7.Eksamen vil ha en varighet på 25 minutter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert det nytta bestått / ikkje bestått.

 

Fagleg overlapp

FARM201 + FARM202 + FARM203, FARM204: 32 SP

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentene skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no

Institutt

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for farmasi.