Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, samtidig som det gir eit oversyn over hovudtrekk ved europeisk tenknings historie som kan vere til nytte også i studiet av andre fag.
FIL120 skal gi studentane grunnleggjande kjennskap til sentrale problem, grunnomgrep og teoriar hjå fire-fem sentrale filosofar frå antikken fram til opplysingstida. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale filosofiske teoriar og problemstillingar og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til grunnleggjande trekk ved europeisk filosofi fra antikken fram til opplysingstida. Dei skal ha innsikt i filosofiske grunnomgrep, problemstillingar, argument og teoriar knytt til perioden.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande filosofiske problemstillingar og argument frå perioden, og kunne analysere en problemstilling, drøfte denne, og kunne se sterke og svake sider ved argumenter og resonnement.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Innlevering av 4 kortsvarsoppgåver (á 300-500 ord), 3 av oppgåvene skal leggast fram for medstudentar på seminar
Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva våren 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.
Haust/Vår
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no