I dette emnet tilbyr instituttet undervisning i tema som er knytt til aktuell forskning ved instituttet, men som ikkje fell inn under nokre av dei andre emna på 200-nivå. Temaet kan vere avgrensa til særskilde filosofiske problemområde eller tilnærmingsmåtar, eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
I semester der emnet ikke har egne faglige forelesninger kan det kun tas i tilknyttning med andre emner som har undervisnings i det gitte semesteret etter avtale med instituttet.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.
Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar skal supplere med eit særpensum.
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no