Emner: FIL335 Masteremne i sinnsfilosofi - Høst 2021
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen,der spørsmål om kva medvit er og korleis medvit kan forklarast innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk er sentrale.
Læringsutbyte
Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha
- oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen.
- innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit forheldt seg til ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet.
- innsikt i diskusjonar om korvidt og korleis medvit kan forklarast innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk.
- innsikt i problem som berører sinnsfilosofi, som spørsmål om moglegheita av kunstig intelligens, korvidt vi har fri vilje, kva personleg identitet er og ulike syn på sjølvet.
- innsikt i argumentasjonslære som set ein i stand til å vurdere slagkraften i klassiske argument i sinnsfilosofien ut frå deira sunnheit og gyldigheit.
Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne
- skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i sinnsfilosofien i det 20. hundreåret.
- formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
- forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking.
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- vidare studiar i kognitiv vitskap.
- å følgje med i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit nivå av moderat vanskegrad.
- å sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL335 overlapper med FIL105.htmlFIL105 (Innføring i sinnsfilosofi), FIL235.htmlFIL235 (Sinnsfilosofi) og FIL226.htmlFIL226 (Innføring i sinnsfilosofi - 15 studiepoeng).
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar.
Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Studentane må levere inn svar på 7 oppgitte spørsmål. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no