Emner: FIL347 Forskningsemne i epistemologi - Vår 2021
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk.
Undervisningssemester
Vår i oddetalsår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet forsøker å formulere, klargjere og svare på dei grunnleggande og mest generelle spørsmål om kunnskap, til dømes: Kva er kunnskap? Kva betyr å rettferdiggjøre en påstand? Kva er de viktigste teoriene om rettferdiggjorelse? Er global skeptisisme noe vi bør være bekymret om? Kva seier vi når vi påstår at nokre sanningaer er nødvendige og andre berre betinga? Finnes det apriori kunnskap? Kurset er flexibelt; det kan være enten en oversikt av en del filsofiske posisjoner, eller kan det bli fokusert på ett eller to temaer, f. eks. relativisme, kontekstualisme, skeptisisme, invariantisme, epistemiske modaliteter, dydsepistemologi, kunnskapens verdi, forståelsens epistemologi, sosial epistemologi, formal epistemologi, rasjonalitet, eller pragmatisme. FIL347 skal gi studentane en dyp forståelse av viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i epistemologi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å vurdere og formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor epistemologi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- god kjennskap til viktige grunnomgrep, argumenter og posisjonar i epistemologi.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- identifisere sterke og svake sider ved ulike posisjonar i epistemologi
- identifisere relevante argument og prinsipp i epistemologi (til dømes 'the closure principle')
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å lese epistemologiske artiklar og bøker på eit relativt høgt fagleg nivå
- vidare studiar i epistemologi, t.d. på masternivå. Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL347 overlappar 10 SP med FIL247 (Epistemologi).
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Bestått breiddetest
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no