Emner: FRAN122 Innføring i fransk litteratur - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN122 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Fransk 

Undervisningssemester

Vår 

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen 

Dette emnet finst òg som reint nettstudium (FRAN622)

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i fransk litteratur og litteraturhistorie frå det 17. hundreåret fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstane vert merksemda retta mot korleis tekstane er knytte til fransk litteratur- og kulturhistorie. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN122 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN102. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105, FRAN106, FRANSK621 eller FRAN622.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. 

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 3 timar undervisning per veke i 10 veker. Det kan òg bli noko fellesundervisning på nett saman med FRAN622.

Undervisninga kan bli gitt i form av førelesingar eller seminar. Studentane får tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med til dømes introduksjonsvideoar /videoførelesningar, notat, oppgåver og diskusjonsforum. Diskusjonsforumet kan bli felles med nettkurset FRAN622.

Undervisninga føreset at studentane har arbeidd aktivt med førebuingsmaterialet og pensumtekstane i forkant. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske framføringa. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.

I samband med undervisninga skal studentane halde ei munnleg framføring på 10 - 15 minutt. Det blir lagt til rette for at studentane kan samarbeide under arbeidet med presentasjonen. Studentane førebur framføringa under rettleiing av faglærar. Framføringa skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester. 

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg heimeeksamen på ei veke. Eksamensoppgåva er litteraturhistorisk vinkla med utgangspunkt i ein eller fleire pensumtekstar. Ein skal svara på fransk. Oppgåva skal vere på om lag 1500 ord. 

Hjelpemiddel til eksamen

Hausten 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kilder. Det er en selvfølge at teksten som leveres er studentens egen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentbesvarelser.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.  

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

a) Tekstpensum

Pensumet inneheld eit utval stutte tekstar i ulike sjangre og frå ulike periodar av fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til eikvar tid er pensum.

 

b) Litteraturhistorie

Studenten les fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 21. hundreåret. Ein lyt òg skaffa seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagde opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk