Emner: FRAN254 Fordypning i fransk litteratur med bacheloroppgave - Høst 2021
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Fransk
Undervisningssemester
Vår
Emnet går første gang våren 2019
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tek for seg romanen som sjanger i eit diakront perspektiv. Gjennom studiet av fire representative romanar, sette i kulturhistorisk samanheng og i ljos av sentrale, romantekniske omgrep, skal emnet gje eit oversyn over utviklinga i sjangeren frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har god innsikt i dei utvalte pensumverka
- har kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til litterære verka
- har kunnskap om narratologi og sentrale romantekniske omgrep
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruka dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekstar
- kan analysera tekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv
- kan drøfta skriftleg og munnleg problemstillingar knytte til pensum
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og leite fram relevant bakgrunnsmateriale
- kan planleggja og gjennomføra rettleia arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
FRAN254 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå.
Undervisninga byggjer på FRAN122 og FRAN123.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoeng-uttellinga for FRAN254 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN204 eller FRAN253.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir normalt gitt 3 timar førelesningar, seminar og rettleiing i veka i 12 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.
Studentane skal seinast fire veker før eksamen få godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.
I samband med semesteroppgåva skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 3000 ord i fransk litteratur, skriven i løpet av semesteret. Ein skal skriva oppgåva på fransk.
Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i bachelorgraden.
Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen i litteraturpensumet. Prøva skal samstundes syna den munnlege dugleiken i fransk hjå kandidatane.
Munnleg og skriftleg eksamensdel tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Begge prøvene må vere greidde i same semester.
Hausten 2021 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Ein har ikkje krav på rettleiing om eksamen utsettast til følgjande semester.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum inneheld fire romanar utanom ei innføring i romanteori. Ein set seg inn i ein representativ roman frå kvart av dei fire siste hundreåra, og i litteraturhistorisk bakgrunnsstoff med relevans for verka. Ein les òg eit innføringspensum i romanteori/ narratologi som er i tråd med det teoretiske siktemålet.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no
Institutt
Institutt for fremmedspråk