Mål:
Emnet har som mål å gi innsikt i og forståing av korleis landformer vert danna og dei prosessane som ligg til grunn. I tillegg skal emnet gi generell kunnskap om korleis natur set grenser for menneskeleg aktivitet. Ved emneslutt skal studenten sjølv kunne identifisere ulike landformer, mellom anna ved hjelp av kart og flyfoto, forstå korleis dei blir danna og teoriane bak, og vere fortruleg med omgrep og fagterminologi.
Emnet skal formidle forståing for korleis naturlege/geologiske prosessar verkar på ulike skala i tid og rom og deira relasjon til endringar i klimatiske forhold , og dei samfunnsmessige konsekvensane det har.
Innhald:
Emnet introduserer det geofaglege innhaldet i naturgeografien. Emnet gir ei systematisk innføring i ulike landformdannande prosessar som forvitring, masserørsle, glasiale-, fluviale-, eoliske- og marine prosesser, deira verkemåte og samhandling og teoriar knytt til desse. Tema er generelle, men med særskild fokus på norske landformer. Det vil også bli gitt ei viss innføring i grunnleggjande geologi samt ei innføring i generell hydrologi og pedologi (jordsmonnlære).
Studiet avsluttar med eit feltkurs kor kunnskapar blir utøvd i praksis og vist gjennom ein innlevert rapport (gruppearbeid) som vert vurdert.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.
Vurdering i emnet har to delar:
Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb.
Karakter på feltrapport er gyldig i fire semester etter den er bestått.
Oppdatering: Vurderingsform er endra frå gruppevis feltrapport og 5 timar skuleeksamen til gruppevis feltrapport og 6 timars heimeeksamen VÅREN 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no