Emner: GEO212 Terrestriske klima- og miljøendringer - Høst 2021




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet gjev studenten kjennskap til korleis ulike eksogene (ytre) prosessar kan nyttast til å rekonstruere terrestriske endringar i klima, geomorfologi og miljø i fortid og notid med særleg vekt på norske forhold. Studentane skal einskildvis levere inn fire teoretiske oppgåver knytt til sentrale tema i emnet. I tillegg skal dei i mindre grupper, og under rettleiing, gjennomføre tre feltbaserte undersøkingar knytt til klima- og miljøendringar i nærområdet kring Bergen.

Med basis i korleis samspelet mellom hav og atmosfære innverkar på dei eksogene terrestriske prosessane og landformane på jordoverflata, inkludert havnivåendringar, vil emnet presentere ulike metodar for å rekonstruere klima- og miljøendringar i fortid og notid. Emnet vil og ta opp og drøfte moglege årsaker til desse endringane.

I samband med dei feltbaserte undersøkingane vert studentane delt inn i mindre grupper som skal samle inn relevante feltdata, og nytte litteraturstudiar til å setje innsamla data i ein større fagleg samanheng. Kvar feltundersøking skal avsluttast med ein skriftleg rapport som nyttar eit profesjonelt språk og fagtermar, og med høvelege analysar, illustrasjonar og referansar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

GEO110/ GEO115, GEO111 og GEO112/ GEO113, eller tilsvarande bakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar

GEO204, GEO215 og GEO217

Studiepoengsreduksjon

GEO211 (10 studiepoeng)

Krav til studierett

Ope for alle studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

2 forelesingar/seminar á 2 timer pr. veke

Totalt: 14-16 forelesingar/seminar.

3 dagar ekskursjon/feltarbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Mappevurdering (1/3) og 5 timar skriftlig eksamen (2/3).

Mappa skal innehalde 3 rapportar frå gruppevise feltundersøkingar.

 

Oppdatering: Vurderingsform er endra frå mappevurdering og 5 timar skuleeksamen til mappevurdering og 6 timars heimeeksamen VÅREN 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no