Emner: GEO292 Regionalgeografisk feltkurs - Vår 2021
Studiepoeng
10.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk (kan bli undervist på engelsk)
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og et feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.
Mål og innhald
Mål
Studenten skal praktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg blir utvikla i ein samfunnsgeografisk kontekst.
Innhald
Deltakarene får moglegheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit regionalgeografisk problem. Tema og problemområde skal veljast i samråd med faglærer. Feltkurset går kvart år, enten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere nytte av sentrale tema og teoriar i samfunnsgeografi som ho eller han har tileigna seg i løpet av bachelorstudiet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt ved å lage ei problemstilling,utvikle eit forskningsdesign og granske dette teoretisk og empirisk
- kan gjere nytte av kvalitative og/eller kvantitative felt- og analysemetodar
Generell kompetanse
Studenten
- beherskar akademisk skrive- og referanseteknikk, og viser dette gjennom ein feltrapport
- kan jobbe individuelt og i gruppe.
Krav til forkunnskapar
GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, eller tilsvarande.
GEO204, GEO206 og GEO221/GEO222 skal takast i same semester (eventuelt før).
Studiepoengsreduksjon
GEO251 (10 poeng), GEO286 (10 poeng)
Krav til studierett
Ope, men talet på plassar er avgrensa. Opptak skjer etter denne prioriteringa:- Studentar på bachelorprogrammet i geografi i 6. semester.
- Studentar på bachelorprogrammet i geografi i 4. semester.
- Utvekslingsstudentar med godkjent bakgrunn (minimum 60 ECTS i geografi).
Arbeids- og undervisningsformer
1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5-7 seminar.
Feltkurs: 3-5 dagar (antal dagar avhengig av reiseavstand).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på feltkurs
- Deltaking på feltførebuande seminar.
- Studentane vel litteratur til oppgåva (utanom pensum) i omfang 150-200 sider i samråd med faglærar.
Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.
Vurderingsformer
Feltrapport som gruppeeksamen der 2-3 studentar skriv rapporten saman.
Individuell justerande munnleg eksamen.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no