Emner: GEOF301 Introduksjon til master - Høst 2021




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å introdusere og demonstrere verktøy, og gi råd og rettleiing, for ei best muleg gjennomføring av masterstudiet. Emnet vil med dette førebu studentane på overgangen frå bachelornivå til deltaking i forsking på masternivå, inkludert skriving av masteroppgåve.

 

Innhald:
Emnet tek opp tema som litteratursøk ved hjelp av bibliotekressursar, bruk av program- og systemverktøy (Fortran, Matlab, LaTeX, unix, programvare for sitering), det gjev tips om korleis strukturera og skriva ei avhandling, samt gjennomgang av relevante etiske og vitskapsteoretiske problemstellingar. Studentane får en innføring i korleis planlegge og gjennomføre eit studie i meteorologi, oseanografi eller klimadynamikk, og med det hjelp til å skrive ei fullverdig masteroppgåve. Ei innføring i sentrale, grunnleggjande problemstellingar knytt til meteorologi, oseanografi og klimadynamikk vert gjeven. Vidare vil etiske problemstellingar knytt til skjeringspunktet mellom vitskap og samfunn verte problematisert og diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Opptak til Masterprogram i meteorologi og oseanografi, Masterprogram i energi eller Integrert master i energi (siv.ing)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Geofysisk institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet samt at du fyller opptakskrava til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning med førelesingar, dataøvingar og diskusjonar med oppgåve i etterkant.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent oppmøte og oppgåve (gyldig kun i semesteret dei vert godkjent).

Vurderingsformer

Godkjent oppmøte og oppgåve (gyldig kun i semesteret dei vert godkjent).

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust, vurdering kun i semester med undervisning

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:studieveileder@gfi.uib.no

mailto:studieveileder@gfi.uib.nostudieveileder@gfi.uib.no

Tlf 55 58 28 93/55 58 26 04