Mål:
Emnet har som mål å introdusere og demonstrere verktøy, og gi råd og rettleiing, for ei best muleg gjennomføring av masterstudiet. Emnet vil med dette førebu studentane på overgangen frå bachelornivå til deltaking i forsking på masternivå, inkludert skriving av masteroppgåve.
Innhald:
Emnet tek opp tema som litteratursøk ved hjelp av bibliotekressursar, bruk av program- og systemverktøy (Fortran, Matlab, LaTeX, unix, programvare for sitering), det gjev tips om korleis strukturera og skriva ei avhandling, samt gjennomgang av relevante etiske og vitskapsteoretiske problemstellingar. Studentane får en innføring i korleis planlegge og gjennomføre eit studie i meteorologi, oseanografi eller klimadynamikk, og med det hjelp til å skrive ei fullverdig masteroppgåve. Ei innføring i sentrale, grunnleggjande problemstellingar knytt til meteorologi, oseanografi og klimadynamikk vert gjeven. Vidare vil etiske problemstellingar knytt til skjeringspunktet mellom vitskap og samfunn verte problematisert og diskutert.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Opptak til Masterprogram i meteorologi og oseanografi, Masterprogram i energi eller Integrert master i energi (siv.ing)
Godkjent oppmøte og oppgåve (gyldig kun i semesteret dei vert godkjent).
Studierettleiar kan kontaktast her:
Tlf 55 58 28 93/55 58 26 04