Emner: GEOV218 Bergartsfysikk - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Hovedmålet med kurset er å gi studenten eit teoretisk grunnlag for tolking av geofysiske (seismiske og elektromagnetiske) data med tanke på både fysiske og mikrostrukturelle parameter, samt moderne metodar for dynamisk reservoarkarakterisering basert på integrasjon av 4D geofysiske data med historiske (reservoar) produksjonsdata. Et annet mål er å bidra til etablering av et felles språk for geofysikere, geologer og reservoaringeniører og anvendte matematiskere, som ofte må samarbeide for å løse petroleumsrelaterte problemer.

Innhold:
Pensum inkluderer element av teorien for dei effektive eigenskapane til mikroinhomogene medium, oppskalering, mekaniske eigenskapar til tørre bergartar, væskestraum og permeabilitet, mekanisk oppførsel til væskemetta porøse medium, akustiske og seismiske eigenskapar, elektrisk leidningsevne, dielektriske eigenskapar, elektromagnetiske bølgjer og diffusjon, samt termisk leidningsevne og varmestraum. Det vil bli fokusert spesielt på analogiar mellom ulike fysiske fenomen, samt korrelasjonar mellom ulike fysiske eigenskapar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper
Ved fullført emne skal studenten ha ei djupare forståing av relasjonane som eksisterer mellom geologiske prosessar, bergartenes mikrostruktur og dei effektive fysiske eigenskapene på ulike skalaer. Det vert lagt stor vekt på kunnskapar om analogiar mellom ulike fysiske eigenskaper, samt bruken av bergartsfysiske relasjonar i ulike tverrfaglege område, med vekt på seismisk bergartsfysikk.

Ferdigheter
Ved fullført emne skal studenten kunne:

Generell kompetanse
Studenten vil få trening i

Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet

Tilrådde forkunnskapar

GEOV111, GEOV113, MAT111, MAT121, MAT212

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningane fokuserer på utleiing av sentrale resultat frå pensumlista, men inkluderer òg uformelle demonstrasjonar og diskusjonar av meir anvendt karakter, spesielt retta mot integrert petroleumsforskning. Det vert lagt vekt på at studentane skal kunne forstå og diskutere gjetningane bak og gyldighetsområdet til ulike bergartsfysiske modellar og tilnærmingar.

Øvingane fokuserer på implementering av sentrale delar av teorien i form av forskjellige Matlab-programmer, men inkluderer òg teorispørsmål og trening i utleiing og analyse av matematiske modellar for bergartsfysiske fenomen. Øvingane er designet slik at studentane får kontinuerleg hjelp og tilbakemelding frå foreleser, samt trening i å samarbeide med einannan.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn to skriftlege oppgåver som må vere bestått for å ta skriftleg eksamen. Desse oppgåvene er berre gyldige for semesteret kurset vert undervist og for påfølgjande semester (for tidleg eksamen påfølgjande semester).

Dei obligatoriske innleveringane skal vere godkjend. Tilbakemeldingane på dei obligatoriske øvingane fungerer som ei formativ evaluering.

Vurderingsformer

Vurderingsform:
Avsluttende skriftlig eksamen, 4 timar.
Det blir normalt stilt spørsmål fra øvingane under den avsluttande skriftlige eksamen. Dette fungerer som en summativ evaluering.

Grunna korona: Våren 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemidler er tillatt.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no