Emner: GEOV225 Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima - Høst 2021




Undervisningsspråk

Norsk. Engelsk dersom engelskspråklige studenter deltek

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 

Undervisningsstad

Bergen, Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen

Mål og innhald

Mål:
Målet med emnet er at studenten skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig kvartærgeologisk feltundersøking, utarbeide eit kvartærgeologisk kart og skrive ein avsluttande rapport frå feltundersøkingane.

Innhald:
Ulike tema frå pensumlitteraturen til emnet dannar grunnlag for ein gruppevis temarapport som vert presentert av studentane på eit eige seminar nokre dagar før avreise. Under feltkurset vert det gjeve ei innføring i kvartærgeologiske feltmetodar og kartleggingsteknikkar. Første og siste del av feltkurset består av ekskursjon til utvalde kvartærgeologiske lokalitetar i Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen. På nokre av lokalitetane utfører studentane sjølvstendige undersøkingar enten individuelt eller i mindre grupper. Studentane skriv individuelle dagboksrapportar frå ekskursjonsdagane som dannar grunnlag for oppdatering av den gruppevise temarapporten.

Under kartleggingsdelen vert studentane delt inn i mindre grupper som utarbeider kvartærgeologiske kart over utvalde område. Kvartærgeologiske avsetningar vert beskrive og deira danning vert diskutert og tolka. Kartleggingsdelen (3 dagar) dannar grunnlag for ein gruppevis rapport som vert innlevert mot slutten av feltkurset. Den gruppevise rapporten dannar saman med temarapporten grunnlag for om studenten består emnet eller ikkje.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten

Ferdigheiter
Studenten kan

Generell kompetanse
Studenten kan

Krav til forkunnskapar

GEOV101, GEOV102, GEOV105, GEOV110

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEOL109, GEOL225 og GEO341 (fra SV-fak)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Orienteringsmøte/ 2 timer

Temarapportseminar/ 6 timer

Temarapportprøve (individuell)/ 20 min

Feltkurs/ 11 dager i juni

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar og innlevering av temarapport og feltrapport.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt 3 semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått / ikkje bestått nytta.

Vurderingssemester

Vår. Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere mappe i semestra emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no