Vår
Mål:
Emnet har som mål å gje ei oversikt over landformer, landformdannande prosessar og landskapsutvikling. Emnet vil særleg ta for seg dei ulike prosessane som former landskapet og korleis desse avhenger av klima og tektoniske regime, og tid. Emnet skal vidare formidle forståing for dei landformdannande prosessar på ulike romlege og tidsmessige skalaer.
Innhald:
Emnet tek opp tema som tilhøvet mellom landformer, struktur-, berggrunns- og lausmassegeologien, samt ulike modellar for landskapsutvikling omkring i verda, med særlig vekt på Norge. To viktige delar av kurset er feltarbeid og skriving av individuelle tekstar (essay) og gruppearbeid i felt eller på datalab. Begge inkluderer søk etter relevant informasjon, korrekt bruk av sitering i teksten og referansehandsaming. Skriving av individuelle tekstar inkluderer i tillegg å gi tilbakemelding på tekstar skrive av medstudentar (fagfellevurdering), samt handsaming av tilbakemelding motteke på eigne tekstar. Det blir forventa at tekstane vert reviderte før endeleg innlevering. Gruppeprosjektet skal helst vere felt-basert, men kan og ta utgangspunkt i GIS og/eller modellering. Gruppene må i samård med undervisar, sjølve planleggje og gjennomføre arbeidet innanfor ei avtalt tidsramme. Presentasjon av gruppene sine prosjekt kan skje på ulike måtar (rapport, artikkel i Grind, poster, film) som vert avtalt tidleg i semesteret.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
Ferdigheter
Studenten kan
Generell kompetanse
Studenten kan
Undervisninga går flre seg i form av seminar, sjølvstendig arbeid og arbeid med individuelle tekstar og gruppearbeid.
Seminar, 2 timer i veka i 15 veker.
Feltarbeid, 2-3 dagar i løpet av semesteret.