Emner: GEOV302 Dataanalyse i geovitenskap - Høst 2021




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som hovudmål å kunne bidra direkte til berekningar og analysar som studenten inkluderer i sin MSc- eller PhD-oppgåve. Det er eit delmål at studenten lærer seg å gjere grunnleggjande berekningar og analysar ved hjelp av programmeringsspråket Python.

 

Innhald:
Undervisinga er oppbygd rundt øvingar med programmeringsspråket Python. Gjennom aktiv bruk lærer studentane om grunnleggjande omgrep og problemstillingar i data-analyse generelt (variable, signifikans, konfidens, hypotesetesting, p-verdi, statistiske testmetodar, val av modell, design av eit eksperiment, mm.) og i analyse av geodata spesielt. Emnet tek for seg metodar både for tidsseriar og romlege data, men vektinga av desse vil avhenge av utgangspunktet og behovet til studentane som deltek. Emnet avsluttast med ei semesteroppgåve, der det vert råda til at studenten brukar data frå sitt eige MSc- eller PhD-arbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i geovitskap (eller tilsvarande) . MAT101 eller MAT111

Tilrådde forkunnskapar

STAT101 eller STAT110

Studiepoengsreduksjon

Emnet representerer en utvidelse av GEOV301 (5 studiepoeng) som gikk siste gang våren 2017.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram eller phD-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vert gjeve i form av kollektive arbeidsøkter (ikkje tradisjonelle førelesingar) og eit seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på kollektive arbeidsøkter (minst 75% av den avsette tida)

Obligatorisk deltaking på seminar

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering:

Karakterskala

Ved vurdering av emnet vert karakteren bestått/ikkje bestått nytta.

Vurderingssemester

Vår. Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvalitetet på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no