Emner: GEOV322 Masterekskursjon i kvartærgeologi - Vår 2021




Studiepoeng

5.0

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Kvartærgeologien i Europa har store regionale skilnader både i høve til kva prosessar som har verka i landskapet og ikkje minst kor lenge eit område har vore utsett for ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje studentane innblikk i og kunnskap om utvalde områder med fokus på den regionalgeomorfologiske og -stratigrafiske delen av kvartærgeologien. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg avanserte kunnskapar og førebu presentasjon av og diskusjon om kvartærgeologiske problemstillingar i Europa. Vidare skal ein kunne teikne geologiske skisser og detaljerte skildringar med påfølgjande tolkingar av utvalde ekskursjonsmål. Reisemål for ekskursjonen skiftar frå år til år og har tidlegare vore Island, Nord-Sverige, Skottland og Nord-Noreg.

Innhald:
Ekskursjonen går normalt over seks dagar og vert førebudd gjennom seminar der ein gjennomgår litteratur som omhandlar aktuelle problemstillingar. Studentane vel eit emne som dei skriv eit essay om og som vert presentert for resten av gruppa. I tillegg til essayet vert studentane gjort ansvarlege for å presentere ein eller fleire av lokalitetane på ekskursjonen. Under ekskursjonen vert det ført feltjournal. På denne bakgrunn blir en temarapport utarbeidd og sett saman til ein meir omfattande ekskursjonsrapport. Uavhengig av kvar ein reiser vert studentane gitt ei brei opplæring i forskjellige typar avsetningar og former sett inn i ein regionalgeologisk kontekst.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

Dugleik

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Bachelor i geovitskap (studieretning geologi) eller tilsvarende, samt opptak til master i geovitenskap.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor i geovitskap (studieretning geologi).

Studiepoengsreduksjon

5 sp overlapp med GEOL322

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på ekskursjon og innlevering og godkjenning av feltrapport.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt 3 semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.

Vurderingsformer

Rapport. Feltrapporten frå feltkurset må vurderast som bestått for å få endeleg vurdering i emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått / ikkje bestått nytta.

Vurderingssemester

Vår. Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg samt levere inn rapport dei semestra emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no