Emner: HELSAM305 Kvantitative forskningsmetodar- og tradisjonar - Høst 2021




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Studentane skal gjennom emnet få inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsmetodar brukt i helsefagleg forsking. Kunnskapen skal danne grunnlag for val av forskingsdesign og metode som er egna til forskingsspørsmålet i masteroppgåva. Emnet skal bidra til utvikling av ein analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på kunnskap om metodologi, metode og metodebruk.

 

Innhald:

Emnet dekkjer forskingsmetodiske tilnærmingar i epidemiologisk-, surveybaserte- og eksperimentell forsking og statistikk, og kva for studiedesign som er egna til å svare på ulike forskingsspørsmål. Studentane skal lære om kjenneteikn, styrker og svakheiter ved dei ulike studiedesigna og kva for assosiasjonsmål som vert brukt. I tillegg skal emnet gi kunnskap om grunnleggande omgrep som validitet og reliabilitet innan vitskaplege metodar og forholdet mellom kausale og statistiske assosiasjonar.

Studentane skal vidare lære om metodar for å skildre eit datasett gjennom tabellar, grafar og oppsummerande statistikk; normalfordeling og binomisk fordeling; utval og populasjon; hypotesetesting, p-verdi og konfidensinterval og statistisk styrke og utvalsstorleik.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:


Ferdigheiter

Studenten kan:


Generell kompetanse

Studenten kan:

Krav til forkunnskapar

Gjennomført emna:

HELSAM302 - Vitskapsteori og etikk og HELSAM303 - Forskingsmetode (Obligatoriske fellesemne)

Krav til studierett

Studentar ved Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer:

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar med munnlege presentasjonar og tilbakemelding knytt til obligatorisk oppgåve. Obligatorisk deltaking i gruppearbeid.

Gi skriftleg tilbakemelding til medstudent på obligatorisk oppgåve på nett (Mitt UiB) og på seminar.

Vurderingsformer

Vurderingsgrunnlaget består av:

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no