Emner: HIM250 Bacheloroppgave i Midtøstens historie - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå 

Undervisningsspråk

Normalt undervisast emnet på norsk. 

Undervisningssemester

 Haust og vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet er ein del av studieretninga Midtaustens historie, og utgjer den obligatoriske bacheloroppgåva i ei spesialisering i historie.

Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillinger gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva. Tema for undervisninga vil kunne variera frå semester til semester. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Gjeldende tema for våren 2021:

Lov og rett i muslimske samfunn

https://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historieTrykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret

 

 http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historie

Læringsutbyte

 Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.

 

Ferdigheiter:

Studenten skal vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

 

Generell kompetanse:

Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppgåva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

 

Tilrådde forkunnskapar

 Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Det er tilrådd at studenten har HIS101, HIS102, HIM101 og HIM103.

Studiepoengsreduksjon

 Det kan ikkje vere pensumoverlapping mellom tema for bacheloroppgåva og eit tema du har teke som fordjuping på 100- eller 200-nivå.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/grupperettleiing og individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og når kommentarane skal vera innkomne.

Som førebuing til skrivinga av bacheloroppgåva vil det kvart semester normalt bli arrangert eit kurs i praktisk metode. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:

1. Studenten har plikt til å møte/kontakte rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.

2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Den er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.

3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.

4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester.

Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort på Mitt UiB ved starten av semesteret.

Vurderingsformer

Emnet har to vurderingsformer, ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) og ein munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord og må ikkje overskrida 6000 ord.

Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F for bacheloroppgåva.

Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.

Våren 2020 blir munnleg eksamen avvikla digitalt. Praktisk informasjon om plattform blir lagt ut i Mitt UiB.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Denne karakterskalaen gjeld også våren 2020.

Vurderingssemester

 

Litteraturliste

Studentane skal leggja opp eit pensum på ca. 1200 sider. Rettleiar skal godkjenna pensumlista. 

Emneevaluering

 Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no