Emner: HIS102 Oversikt over nyere historie fra 1750 - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi oversyn over dei viktigaste utviklingstrekka i norsk og internasjonal historie frå omlag 1750 og fram til i dag.

Emnet er kronologisk oppbygd. Politiske, økonomiske og sosiale endringar utgjer dei tre tematiske tyngdepunkta i emnet.

Emnet vektlegg norsk og europeisk historie, men der prosessar og hendingar òg vert sett inn i globale referanserammer.

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i arbeidsmetodar i historiefaget.

Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i historie, og i eit årsstudium i historie.

Her kan du lese utfyllende temaomtale: https://www.uib.no/fag/historie/76338/temaomtale-his102

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

HIS102-1

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er ope for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Normalt omlag 25-30 førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske arbeidskrav, men alle studentar vert tilrådd å følgje undervisninga samt skrivetrening ved å bruke arbeidsspørsmål som vert lagt ut til kvar førelesing.

Vurderingsformer

 

Det blir gitt ein samla karakter, der heimeeksamen tel 70 prosent og skuleeksamen 30 prosent.

Den skriftlege heimeeksamen skal leverast elektronisk og skal vera på mellom 2000 og 3000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste).

Heimeeksamen må vere bestått i eit undervisningssemester, men studentar kan ta skuleeksamen også i det påfølgjande undervisningsfrie semesteret.

Begge eksamensdelar må vere bestått for å få eit samla resultat i emnet.

Reglar for gjentak: Dersom ein stryk på skoleeksamen, kan ein ta den opp att i påfølgjande, undervisningsfrie semester. Dersom ein stryk på andre forsøk på skoleeksamen, må ein ta både heimeeksamen og skoleeksamen opp att i neste undervisningssemester. Dersom ein stryk på heimeeksamen, må ein ta både heimeeksamen og skoleeksamen opp att i neste undervisningssemester. Det er ikkje høve til å ta opp att heimeeksamen i undervisningsfritt semester. Dersom ein vil forbetre karakteren på emnet, må ein ta begge eksamensdelane opp att, i eit undervisningssemester.

Våren 2021 er 2 timar skoleeksamen erstatta av skriftleg eksamen heimefrå som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. Studentane får 1 time teknisk tilleggstid, slik at dei har 3 timar på å utforma svaret.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Denne karakterskalaen gjeld også våren 2020.

Vurderingssemester

Vår og haust (kun skriftleg skuleeksamen i haustsemesteret, jf. avsnitt om vurderingsformer).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nomailto:studierettleiar@ahkr.uib.no

mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300