Emner: HIS203 Teorier, metoder og historiske kilder - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

 Normalt vert emnet undervist på norsk.

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gje studenten innsikt og trening i bruk av historieteori, historiske metodar og historiske kjelder. Emnet vil gje studenten reiskap til å arbeide sjølvstendig og kritisk med historisk litteratur og kjelder og forstå ulike sjangrar og dei spesielle problema som knyter seg til desse.

Gjennom skriving av tre oppgåver lærer studenten å drøfte teoretiske og metodiske problem og sjølv å vurdere og anvende historiske kjelder.

Emnet er obligatorisk i ei ordinær historiespesialisering.

http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historieTrykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet

 http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historie

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha gjennomført årsstudium i historie eller tilsvarande. Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og seminar, totalt 11-12 dobbelttimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levera inn to oppgåver for rettleiing. Oppgåvene skal være fullstendige, ikkje skisser.

Vurderingsformer

 

 

Mappa består av:
- to rettleidde oppgåver og
- ei ikkje-rettleidd oppgåve

Studenten skal skrive tre oppgåver, kvar på 1000-2000 ord. Oppgåvene skal leverast til fastsette fristar- dei to første i løpet av semesteret, den tredje ved semesterslutt.

 

Dei to første oppgåvene skal leverast for kommentar før endeleg levering. Til den første oppgåva får studantene ei felles tilbakemelding, til den andre oppgåva får studentane individuell tilbakemelding.

Den tredje oppgåva får ikkje tilbakemelding.

 

Det blir gitt ein samla karakter, der oppgåvene vert vekta likt. Alle oppgåvene må vere leverte og beståtte i eitt og same undervisningssemester.

 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1000 sider. I tillegg kjem tekstar leverte ut i tilknyting til dei enkelte oppgåvene, maksimalt 200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nomailto:studierettleiar@ahkr.uib.no

mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300