Emner: HIS250 Bacheloroppgave i historie - Høst 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva.

Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Studiet omfattar heile perioden, frå antikken og fram til i dag.

I haustsemesteret vil det hovudsakleg gis tilbod knytt til i tida før 1750 og i vårsemester vil det hovudsakleg gis tilbod i, knytt til tida etter 1750. Fordjupingstema vil veksle frå semester til semester, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i historie.

Følgjande tema tilbys hausten 2021:

Tema 1Death and the Afterlife in Medieval Scandinavia, c. 1000 ¿ 1500 AD

Tema 2: The Rise of the Modern State

Tema 3: Midtøsten på romersk tid/the Middle East under Rome

Tema 4: Epidemiar og samfunn 1350-1850: Konsekvensar, tiltak og reaksjonarhttp://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historie

http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historieTrykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Det er tilrådd at studenten har begge oversiktsemna, HIS101 og HIS102, og to fordjupingsemne på 100-nivå før ein skriv bacheloroppgåva.

Studiepoengsreduksjon

Det kan ikkje vere pensumoverlapping mellom tema for bacheloroppgåva og eit tema du har teke som fordjuping på 100- eller 200-nivå.

Krav til studierett

HIS250 har et eget opptak.

NB. Det er begrenset kapasitet på de ulike temaene i HIS250. Alle som skal ta HIS250 må derfor søke om plass på emne og tema. Du søker via Studentweb. I søknaden må du sette opp tre prioriterte ønsker om tema.

 

Frist for undervisningsmelding høst 2021: 18. august

 

Dersom et tema har flere søkere enn plasser, vil følgende søkergrupper prioriteres:

1. Studenter som tar spesialisering i historie, og som avslutter graden inneværende semester.

2. Studenter som har avlagt 60 studiepoeng i historie, inkludert emnene HIS101 og HIS102.

Dersom temaet og/eller emnet blir fullt, vil opptak skje ved loddtrekning innenfor hver prioriteringsgruppe.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og/eller individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og fristar for kommentarar.

 

Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:

1. Studenten har plikt til å møte (kontakte) rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.

2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Prosjektskissa er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.

3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.

4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester.

Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort i Mitt UiB ved starten av semesteret.

Vurderingsformer

 

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord.

Den munnlege prøva kan justere karakteren på bacheloroppgåva med maksimalt ein bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Studentane skal leggja opp ei litteraturliste på ca. 1200 sider. Rettleiar skal godkjenna litteraturlista.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nomailto:studierettleiar@ahkr.uib.no

mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300