Emner: HIS303L Historie: forskningsproblemer og kildearbeid for lektorstudenter - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk / skandinavisk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen. Men undervisninga vil delvis vere organisert slik at det vil vere praktisk mogleg for ein student å arbeida med kjelder andre stader enn i Bergen.

Mål og innhald

Studentane skal lære å formulere historiske problem og klargjere kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Metodiske problem knytte til bruken av ymse kjeldetypar høyrer med til emnet.

I dette emnet lærer studenten korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap.

 

Studentane skriv ei oppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har djupare innsikt i historisk metode knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit historisk tema.

 

Ferdigheiter

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Normal studieprogresjon i lektorprogrammet

Studiepoengsreduksjon

HIS303L har fagleg overlapp med HIS303, og dei to emna kan ikkje kombinerast.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap (med historie som fag 1) ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Studenten får rettleiing i arbeidet med oppgåva. Undervisninga skjer i masterseminar og studenten vil kunne leggja fram utkast til diskusjon i masterseminaret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Ei oppgåve på 4000-5000 ord. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Det er òg mogleg å ta eksamen tidleg i undervisingsfritt semester (haust).

Litteraturliste

Studentane set i samråd med rettleiar opp ei liste med relevant litteratur.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Det humanistiske fakultet.

Emneansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no