Mål:
Dette emnet gjev ein introduksjon til kryptografiske protokollar og primitiv, med fokus på anvendingene deira i datatryggleik.
Målet med kryptografi er informasjonstryggleik ved bruk av kryptografiske primitiv, inkludert siffre («krypteringsfunksjonar»), digitale signaturar og hashfunksjonar, samt kryptografiske protokollar som gjer bruk av desse primitiva. Grovt sett gjev kryptografi reiskap for å halde informasjon hemmeleg i høve til uautoriserte partar som ikkje har ein hemmeleg dekrypteringsnøkkel. Nokre kryptografiske primitiv er standardiserte, og desse er utbreidde og brukte i tryggleiksprotokollar i detaljhandel, bank, betaling på Internett, tilgangskontroll og generelt i ein kvar form for digital kommunikasjon og lagring av sensitiv eller verdifull informasjon.
Innhald:
Emnet presenterer eit utval av mykje brukte protokollar. Utvalet kan variera frå år til år. «Mykje brukte protokollar» er til dømes protokollar for nøkkelutveksling (f.eks. Diffie-Hellman) og levetid for nøklar, TLS-protokollen (Transport Layer Security), IPSec, protokollar for smartkortbetaling, protokollen TOR som brukar «onion routing», protokollar for trygg «messaging», Wifi-tryggleik , (WEP, WPAx), tryggleiksprotokollar for blockchain og protokollar for autentisert kryptering
Under diskusjonen av protokollane presenterar og beskriv vi og dei kryptografiske primitiva som vert brukte, inkludert symmetriske-nøkkel- og offentleg-nøkkel-sifre generelt, samt spesifikke døme og operasjonsmodi for slike sifre, hashfunksjonar og meldingsautentiseringskodar (MACar), system for digitale signaturar og offentlege nøkkelinfrastrukturar (PKIar).
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar.
Studenten skal ha kunnskap om
Ferdigheter.
Studenten er i stand til å
Generell kompetanse.
Studenten
Førelesningar / 4 timar pr. veke
Førelesningar / 13 veker
Øvelser: 2 timer i uken
Studierettleiar kan kontaktast her:
Tlf 55 58 42 00