Emner: INF222 Programmeringsspråk - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår.

Mål og innhald

Mål

Emnet gjev ein praktisk og teoretisk innføring i semantikken (meininga) til programmeringsspråk,samt ei innføring i ein rekkje viktige konstrukt og abstraksjonar som blir brukt i noverande programmeringsspråk. Målet med emnet (indirekte) er at ein betre forståing for programmeringsspråk vil føre til at studentane kjem til å lage program av høgare kvalitet, samt at dei vil programmere på ein meir produktiv måte. emnet gjev óg studentane grunnleggjande dugleik innan design og implementering av små språk, der ein implementasjon består av ein parser, typesjekkar og ein tolkar (en. interpreter). Emnet har til formål å gjere studenten skikka til å lære nye programmeringsspråk i framtida.

 

Innhald

Emnet dekkjer viktige språkkonstruksjonar i moderne språk. Emnet diskuterar spesifikasjonen av syntaksen og semantikken til programmeringsspråk og introduserar typesystem og typetryggleik. Studentane skal implementere ei rekkje tolkarar og typesjekkarar. Eit sentralt tema i emnet er reflektering rundt innflytelsen som eigenskapane til eit programmeringsspråk og dets faktorar har på programvarekvalitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Ved fullført emne er eleven i stand til å:

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne er eleven i stand til å:

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne er eleven i stand til å:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF122 eller litt erfaring med programmering i Haskell eller eit anna funksjonelt språk.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har to førelesingar og ein lab i veka. Emnet krev i tillegg at ein fullfører innleveringar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Godkjende obligatoriske oppgåver er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen. Både eksamen og innleveringar teller mot endeleg karakter. Vektinga blir kunngjort i byrjinga av semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning vil eksamen vere i byrjinga av semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Tlf 55 58 42 00