Emner: ITAL125 Moderne italiensk kortprosa - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

 Italiensk og norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å byggje ut språkkunnskapane hjå studentane. Eit anna mål er å gje ei innføring i skjønnlitterære tekstar frå det 20. hundreåret.

Emnet er basert på studium av eit utval kortprosatekstar frå moderne italiensk litteratur. Tekstane skal studerast i eit språkleg og kulturhistorisk perspektiv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Italienskkunnskapar minst på nivå med dei som emnet ITAL100 gjev.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere 2 dobbeltimar seminar (altså 4 undervisningstimar) kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Pga. koronasituasjonen fell kravet om obligatorisk oppmøte på minst 80 % bort våren 2021. I staden må studentane levere inn tre skriftlege øvingsoppgåver kor dei skal øve seg på dei ulike komponentane i ein litterær analyse. Kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Alle øvingsoppgåver må vere godkjent i undervisningssemesteret for å kunne ta eksamen. Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein heimeeksamen utan rettleiing med ei vekes innleveringsfrist mot slutten av semesteret. Oppgåva skal skrivast på italiensk, og svaret skal ha eit omfang på mellom 1300-1400 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne ved heimeeksamen.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i hausemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no