Emnet bygger på MEPRO100 og JOU101, og har som mål å gi ei breddeinnføring i grunnleggande journalistiske metodar og verktøy med nyheitsjournalistikk som omdreiingspunkt.
Kurset er delt i fire modular der teoretisk og praktisk trening blir integrert. Hovudelement gjennom heile kurset er formatet nyheitsjournalistikk; intervjuteknikk og intervjuforståing, kjeldesøk og kjeldekritikk, moderne formar for redaksjonelle arbeidsprosessar i løpande nyheitsdekning. Trening med ulike digitale verktøy står sentralt.
Modul 1 er ein serie workshops som gir teoretisk og praktisk trening i nyheitsjournalistikk; intervjuteknikk, idéutvikling, research og bruk av ulike digitale verktøy.
Modul 2 er ein intensiv periode der fokus er på trening i praktisk nyheitsproduksjon og publisering. Studenten vil trene på å lage nyheitssaker både i tekst, lyd, stillfoto, video, multimedieforteljingar og anna.
Modul 3 utviklar vidare dei analytiske, etiske og teknologiske innsiktene som er opparbeidde gjennom JOU101 og dei tidligare modulane på JOU102. Modulen inneheld ein serie workshops der både teoretiske og praktiske dilemma knytte til metodar og teknologiske verktøy blir løfta fram og tatt opp til debatt frå ulike vinklar. Innsikt i samfunnsinstitusjonar, sosiale medium, offentleglova og personvern, samt journalistiske tilnærmingar til kvalitative og kvantitative data (databaser) er integrert i denne modulen.
Modul 4 gir grunnleggande innsikt i sentrale aspekt ved kulturkritikk. Studenten trenar seg på ulike former for kritikkar gjennom strukturerte øvingar og oppgåver.
Studenten skal ved avslutta enme ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskaper:
Studenten
Ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
All undervisning er obligatorisk og inkluderer:
Studentane vil få meir informasjon om obligatoriske aktivitetar og timeplan ved semesterstart.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Mappevurdering
Mappa skal innehalda følgjande:
Arbeida skal vere individuelle.
Ved karaktersetjing blir det gjort ein heilskapleg vurdering av mappa.