Målet med dette emnet er at studentane gjennom to separate, lengre praksisperiodar skal bli trygge på utfordringar dei møter i den verkelege journalistiske verda, og at dei skal ha rom og tid til å reflektere over det dei erfarer på vegen.
Semestret blir innleidd med ei intensiv rekke seminar/workshops for studentar og deira praksisrettleiarar. Her diskuterer og reflekterer deltakarane over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innafor gitte rammer. Deretter går studentane ut i praksis primært hos bedrifter i Media City Bergen, men potensielt også hos andre mediebedrifter eller på eigen intern publiseringsplattform. Praksisperioden er delt i to, der kvar periode varer i åtte veker. Begge praksisperiodane blir avslutta med ein kort praksisrapport.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
MEVI261 (10 sp)
JOU202 (10 sp)
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.